• Publisert
  • 1 min

Validere kode etter W3C standarder

<p>Trinn&nbsp;34 av 50 i en serie blogginnlegg om markedskommunikasjon på internett og hvordan vi bygger en suksessrik hjemmeside med EPiServer CMS.</p>

Bakgrunn

Epinova lanserte ny hjemmeside på EPiServer CMS6 23. mars 2010. 50 dager før lanseringen startet vi med daglige blogg innlegg om hvordan vi gjennomførte prosjektet:

  • markedsstrategi for internett, brukskvalitet og innhold for web
  • hjemmesiden i forhold til andre kommunikasjonskanaler og sosiale medier
  • teknisk implementering i publiseringsløsningen EPiServer

 

Trinn 34: Validere kode etter W3C standarder

Når me skriv kode for nettsider i XHTML og CSS må me sjekke at koden validerer i henhold til standarane. Det betyr at koden brukar desse enkle maskinspråka på korrekt vis. Valid kode er naudsynt for:

  • at nettlesarane skal presentere sidene likt slik me hadde tenkt
  • at søkemotorer får ein enklast mogleg jobb i å indeksere våre sider
  • å gjera vedlikehald av HTML-koden så effektiv og enkel som mogeleg
  • at personar med tilleggsutstyr, som til dømes skjermleser, enklast mogeleg kan lese nettsidene

I tillegg kan nettsider som ikkje validerer i henhold til standardane føre til at nettsider blir tyngre å laste.

Validering av denne koden skjer på minst 3 ulike tidspunkt:

  1. ved koding av malverk
  2. ved implementering i publiseringsløsyning
  3. ved publisering av innhold av redaktørane

For oss utviklarar er det mange enkle gratis-verktøy tilgjengeleg. Me kan slå opp adressene for html-sidene og CSS-filene på http://validator.w3.org/, og slik sjekke at koden er korrekt. 

Me kan også bruke ymse verktøy innebygde i ulike nettlesarar,  som Web Developer eller Firebug  for nettlesaren Firefox, eller Web Accessibility Toolbar for Internet Explorer. Utviklarane må sjekke koden fleire gonger under utvikling av nettsidene.

Redaktørane som publiserer tekst har også eit ansvar for å validere innhaldet sitt før publisering. Tidligare har det vore lett å gjera feil ved kopiering av tekst frå Microsoft Word; koden derfrå validerer mest aldri. I neste versjon av EPiServer CMS6 vil me bidra til å bygge inn validering av publisert tekst direkte i tekst editoren, og dermed også oppfylle retningslinjer i ATAG 1.0.